OM BUSTADANE
Prosjektet består av ein vertikaldelt tomannsbustad med lettstelte bueiningar som har alt på eit plan.
Dette er særs arealeffektive og prisgunstige leilegheiter med universell utforming og fine uteplassar. Planløysinga passar til alle aldrar og livs situasjon
Fordelt på 64 kvadratmeter får du:
To soverom (Moglegheit for 3 sov om du bygger utvendig sportsbod)
Eit romsleg bad/vaskerom
Gang med plass til garderobe
Lyst og innbydande allrom med stove og
Kjøken i open løysing.
Frå stova har du utgang til terrasse og hage
Nøkkelpunkt tomt og plassering
Løkjastranda bustadfelt ligg på Hauane 7min. kjøring vest for Nordfjordeid. Her kan du få realisert bustaddraumen på ei sjeldan flat tomt på heile 949m2. Tomta har gode solforhold med utsikt over fjord og fjell. Bustadfeltet er plassert i gå/sykkel avstand frå skule, fotballbane, badeplassar og turstiar i nærområdet.
Barnevennleg
Barneskule i gå/sykkelavstand.
Solrikt og utsikt
Felles leikeplass
Badestrand
Kommunal veg, vatn og kloakk.
Tomta er plassert i sørvestre del av feltet med open og flott utsikt.
Aktivt idrettslag.
Anbefaler vising på tomta. Ta kontakt med Vegard Meland 969 04 788
VALGFRIHET:
HER KAN VI BYGGE FLEIRE AV VÅRE BUSTAD MODELLAR. TA KONTAKT MED OSS, OM DU LIKAR OMRÅDET, MEN TRENGER FLEIRE SOVEROM ELLER YNSKJER Å BYGGE EINEBUSTAD.
Prispresser
Prispresser er vårt nye bustadkonsept for deg som vil kjøpe nytt – til ein rimeleg pris. Her har vi jobba målretta med å presse prisane i alle ledd – frå planløysingar og innkjøp til smarte materialval. Målet er enkelt: å levere nye bustader som folk flest faktisk har råd til.
Vala vi tek handlar ikkje om å redusere kvaliteten, men om å velje kostnadseffektive løysingar og materialar som gir mykje bustad for pengane. Samstundes blir bustadene leverte med solid standard i tråd med TEK17, slik at du er sikra ein moderne, trygg og komfortabel bustad med gode kvalitetar.
Denne tomannsbustaden blir seld som ein del av Prispresser-utvalet – her får du ein ny bustad med gjennomtenkte val til ein pris som er pressa så langt det let seg gjere.
Ønskjer du å gjere eigne tilpassingar eller oppgraderingar, har vi utforma ei innhaldsrik tilvalsbrosjyre som gjer denne prosessen enkel og oversiktleg for deg.
Prosjektfremdrift
- PlanleggingFebruar
- SalgsstartMars
- ByggestartVed 1 sal
- InnflyttingEtter avtale